Hopp til hovedinnhold

Elevråd

Elevrådet, Elevrådsstyret, Årsmøtet og korleis elevdemokratiet på FYD verkar.

Elevrådet

er elevane sitt høgaste organ på skolen. Elevrådet behandlar saker som angår elevene, og saker som skolen si leiing, lærarar og elevar ønskjer at elevrådet skal uttale seg om.

Elevrådet består av alle tillitselevane og elevrådsstyret. Kvar klasse vel ein tillitselev med vararepresentant for heile skoleåret. Valet blir held 2-3 veker etter skolestart.

Elevrådet møtes minst en gang kvar månad. Dei tillitsvalte frå klassene tar da med seg saker de har fått spilt inn frå elevane i sin klasse, og tar dette opp i elevrådet. Vanlegvis har elevrådsstyret også forberedt saker som skal tas opp på elevrådsmøtet.

Dersom du har saker du ønskjer å ta opp tar du kontakt med klassen sin tillitselev.

Elevrådsstyret

Elevrådetsstyret i 2025 er:

  • Leiar: Emil Teigland-Skår (2DRA)
  • Nestleiar: Nora Eldøy Vaage (2DRA)
  • Styremedlem: Jonathan Kleppe Trosvik (2STB)
  • Styremedlem: Hanan Ibrahim (1HOSTB)
  • Styremedlem: Cindy Haugen (1HOSTB)
  • Styremedlem: Amanda Hetlevik (1STA)
  • Styremedlem: Ingrid Aasen (1DRA)
Foto av elever

Elevrådsstyret blir valt på årsmøtet i januar/februar og sitter fram til neste årsmøte. Elevrådsstyret leier arbeidet i elevrådet, og sendar representantar for skolen til Elevtinget i Oslo. 

Elevrådsstyret møtes fleire gonger i månaden. Dei har løpande kontakt med elevrådskontakt, og jobbar mye med elevkoordinator og rektor. Elevrådsstyret legger ein årsplan saman med elevrådskontakt og elevkoordinator, der det blir prioritert saker og områder styret skal jobba med i neste skoleår.

Elevrådsstyret har kontor på rom 135 B, med inngong mellom kantina og biblioteket. 

Årsmøtet

Årsmøtet i elevrådet blir held i januar/februar. På årsmøtet har styret forberedt ein årsberetning og går igjennom kva elevrådet har jobba med og oppnådd i året som er gått. Økonomiansvarleg i elevrådsstyret gjer greie for økonomien. 

Årsmøte vel nytt elevrådsstyre. Ein valkomité legger fram ein innstilling til nytt styre. Det er og rom for å diskutera andre saker på årsmøtet.

Foto av rektor og elever i konferanserom

Årbokkomiteen

Elevrådets Årbokkomité er ansvarleg for å lage og utgje skolens Årbok. Årboka inneheld mellom anna bildar av klassane og dei enkelte elevane.

Elevorganisasjon

Vi er med i Elevorganisasjonen, og Elevrådsstyret sender to representantar til Elevtinget kvart år.    

Elevrådskontakt

Elevrådskontakten har ansvaret for den daglege kontakten med elevrådet og elevrådsstyret.

Jonas Haugsgjerd

Miljøfagarbeidar, lærer Kroppsøving og trenar Toppidrett handball
Foto av Jonas Haugsgjerd

Elevkoordinator

Elevkoordinatoren er kontaktperson for elevrådet og russen, og har ansvar for elevaktivitetar og haldningsskapande arbeid på skolen.

Elevkoordinatoren har kontor i Elevsenteret i 1. etasje.

Heine Askeland

Rådgjevar og Elevtjenesten-koordinator
Bilde av Heine Askeland