Fyllingsdalen vgs er med i Nordplus-samarbeidet. Her får elevar og lærarar besøke andre skolar i Norden for og utveksla kunnskap og erfaring.
Nordplus gjer deg som elev en moglegheit til å reise til et anna nordisk land, møte elevar frå ein annan kulturbakgrunn og få innsikt i korleis dei jobbar med fagleg innhald andre deler av Norden. De får og vere vertskap for besøk frå andre land.
I løpet av 2022-2024 vil vi vere med på desse prosjekta:
Bærekraft og demokrati
Dette er eit samarbeid mellom oss og Lapuan Lukio (Lappo gymnasium) i Finland. Her vil våre elevar få moglegheit til å lære om arbeidet mot ein meir berekraftig framtid saman med elever frå Finland.
Drama og demokrati
Dette er eit samarbeid mellom oss og Morsø Gymnasium i Danmark. Her møter dramaelevar frå to ulike land og jobbar med demokrati og medborgarskap.