Det er mykje du bør vere merksam på når du har funne ei kjelde som du vil bruke i ei oppgåve.
Kjeldekritikk på Internett:
Utgjevar:
- Kven er kjelda til informasjonen? Hugs at kven som helst kan legge ut informasjon på nettet, til kva som helst formål.
- Kva autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
- Finst det opplysningar om personen/organisasjonen?
- Er personen/organisasjonen kjend innan feltet?
- Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kjelda)?
- Kan du kontakte kjelda pr. telefon eller e-post? Står adressa på nettstaden?
Formål med sidene:
- Kva er motivet for å legge ut informasjonen? Er dette reklame, propaganda eller fakta?
- Er kjelda nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?
Truverdig?
- Er språkbruken truverdig? Finn du mykje skrivefeil?
- Har nettstaden ein klar og tydeleg layout?
- Har nettstaden ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstader?
Kjeldekritikk bøker
Forfattar og utgjevar
- Er forfattaren kjend? Har forfattaren skrevet mykje om dette temaet? Er forfattaren truverdig?
- Kva forlag er boka utgitt på? Kjende forlag står stort sett for kvalitet.
- Er utgjevaren ein organisasjon eller eit spesielt samfunn? Religiøse sekter kan vere ukritiske. Politisk oppfatning er av betyding.
År for utgjeving
- Når er boken gitt ut, er den ny eller gamal? Eit aktuelt tema krev informasjon som er av nyare dato.
- Har boka kome i fleire utgåver? (Indikerer at boka er eit standardverk).
Formål med utgjevinga
- Les forord
- Studer innhaldsoversynet
- Korleis er framstillinga? Er dette fakta, meiningar eller propaganda? Skriven for å overtyde, informere, underhalde, provosere?
- Passar nivået? Skriven for ei bestemt målgruppe? Til dømes barn, ungdom, elevar eller forskarar.
- Studer boken si litteraturliste