Hopp til hovedinnhold

Kantine og skolefrukost

Bilde av disken og Linda

Kantina ligg like innanfor hovudinngangen i 1. etasje, og er open kvar dag klokka 08:30 til 13:00. Her tilbyr Linda både varme og kalde rettar, og mandag til torsdag er det gratis skolefrukost.

Varme og kalde rettar

Kantinen serverar varm og kald mat for ein rimeleg penge. Maten ber preg av høg kvalitet, og du kan velja mellom varierte og næringsrike rettar. Kantinekjøkkenet har fått moderne utstyr, og kantinestyrar Linda er utdanna kokk.

Kantina tar berre med betaling med kort.

Glutenfri mat

Om du vil ha glutenfri mat så ordnar Linda det, men du må du bestille tidleg på dagen.

Scenen

I kantinen har vi også ein scene som blir brukt til live musikk og foredrag.

Bilde av pålegg

Gratis skolefrukost

Det er gratis skolefrukost i kantina til alle elevar mellom 07.30-08.00 mandag til torsdag. Linda, kokken vår, har satt saman ein velbalansert frukost med havregraut, kornblanding, yoghurt, brødmat og frukt.

Få ein mjuk start på dagen med skolefrukost!

Kantinestyrar

Linda Gamlemshaug

Kantinestyrar
Bilde av Linda Gamlemshaug