Her finn du skulereglar som gjeld for Fyllingsdalen videregående skole (FYD).
5 punkter for å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø
VI MØTER PRESIS - Vi møter presis til timane, til avtaler med lærarar, rådgjevarar, helsesjukepleiar etc. og leverer skulearbeid til avtalt tid.
VI HELD ORDEN - Vi held orden og ryddar etter oss i klasserom, korridor, kantine og på skulen sitt område. Ha orden i skulesakene dine og følg skulen sine skulereglar.
VI ER FORBEREDT - Vi gjer skulearbeidet og leksene og held oss orientert om planar og aktivitetar.
VI GIR KVARANDRE ARBEIDSRO - Vi følgjer læraren sine instruksar i skuletimane og lagar ikkje støy og bråk i timane og i skulebygget.
VI VISER RESPEKT FOR KVARANDRE - Vi opptrer høfleg og med respekt overfor medelevar og tilsette.
PC og AV-utstyr
Alle berbare PC skal vere lukka når skuletimen begynner. Prosjektor og lydutstyr skal berre bli brukt til undervisning og når lærar er tilstade i klasserommet.
Mobil-hotell
For å sørgja for eit godt undervisningsmiljø - til elevanes beste - nyttar Fyllingsdalen vidaregåande skole obligatorisk mobil-hotell i undervisninga. Mobiltelefonar skal i undervisningstida setjast i flymodus og oppbevarast i dei felles mobiltelefon-behaldarane til skulen (mobil-hotell) som er montert i kvart klasserom – med unntak av når lærer gir beskjed om at mobiltelefonen skal nyttast som ein del av undervisninga.
Kvar elev er sjølv ansvarleg for å plassera mobilen sin i behaldaren før kvar undervisningsøkt og dessutan ta han med seg etter enda undervisningsøkt. Skulen er ikkje ansvarleg for mobiltelefonane - heller ikkje om elevane gløymer å ta dei med seg frå mobil-hotellet.
Smartklokker skal ikkje plasserast i mobil-hotellet, men skal ikkje nyttast i skuletimane - med unntak av når lærer gir beskjed om at dei skal nyttast som ein del av undervisninga.
Parkeringsforbod
Det er forbode å parkere på skulens område (med unntak av moped/motorsykkel/sykkel). Forbodet gjeld både elever, føresette, besøkande, lærare og øvrige ansatte.
Det er eit parkeringsselskap som handterer parkeringsreglane på skuleområdet - i tråd med gjelda skilting. Skulen kan derfor ikkje hjelpa til med annullering av utskrivne parkeringsbøter som følgje av ulovleg parkering på skuleområdet.
Elevar skal bruke sykkelskuret til parkering av syklar og mopedar/motorsyklar - eventuelt ved siden av skuret. IKKJE parker under taket langs skulebygningen.
Tobakksfri skule
Skulen er lovbestemt tobakksfri. Det vil sei at du ikkje kan bruke snus og røyk i skuletida, heller ikkje utanfor skulen sitt område. Forbodet mot røyk og snus gjeld i friminutt og på skoleturar, og sjølvsagt i skuletimar. Lova er lik for alle, også lærarar og andre tilsette. Forbodet gjeld også e-sigarett ("vaping").
Skuledemokrati
For å vareta skuledemokratiet har skulen valt å organisera seg med følgjande brukarorgan: elevråd. Elevrådet er det høgaste organet til elevane på skulen og behandlar saker som gjeld elevane, og saker som skulen si leiing, lærarar og elevar ønskjer at elevrådet skal uttala seg om. Kvart skuleår vel kvar klasse ein tillitselev (og ein vararepresentant) som deltek i elevrådet. Elevrådet vel eit eige styre blant alle tillitsvalde - styret blir valt for eit kalenderår av gongen.