Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Bilde av elevar i praksis

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Fyllingsdalen videregående skole tilbyr:

Kvifor velje Helse- og oppvekstfag (HO) på FYD?

FYD har eit topp tilbod og moderne utstyr: 

  • To nyoppussa praksisrom med moderne utstyr der vi øver på stell og pleie.
  • Den spesialbygde roboten Nursing Anne vi bruker til å øve på ulike sjukdommar og pleie.
  • VR-briller i undervisninga gjer det mogleg å øve realistisk på prosedyrar, som om du øver med  ekte menneske i verkelege situasjonar.
  • Nytt og velutstyrt kjøkken der du lærer matlaging. 
  • Krafttak for sang, ei satsing der du lærer å bruke song i arbeidet med barn og eldre.
  • Spennande praksis, der du skal ut i institusjonar for å lære. Det er også mogleg å ha praksis i utlandet. 
  • Små klasser på 15 elevar gir deg tett oppfølging.
  • Engasjerte lærarar med sjukepleiar-bakgrunn som er der til elevens beste.
  • Om du blir lærling kan du vere russ med jamgamle.

 

For deg som vil jobbe med menneske

Helse- og oppvekstfag (HO) er ei utdanning der du kan nå måla dine. Den gir deg eit svært godt utgangspunkt som jobbsøkjar. Det er stort behov for arbeidstakarar i helse- og oppvekstsektoren – så du vil bli etterspurt i arbeidslivet med ein gong du er ferdig utdanna. Du får kunnskap og praktiske ferdigheiter det er bruk for.

Er målet ditt å jobbe med menneske? Du får ein meiningsfull arbeidsdag der du hjelper menneske i ulike aldersgrupper. 

Du lærer å ta ansvar for eiga utvikling og læring, og å kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Vi legg vekt på fagleg dyktigheit, men og at du lærer å vere omsorgsfull og ansvarsfull.

Er helse- og oppvekstfag ei utdanning for deg?

Søk skoleplass på Vigo

Helse- og oppvekstfag på vilbli.no

 

Vg1 Helse- og oppvekstfag (HO)

Vg1 er felles for alle som vel Helse- og oppvekstfag (HO). Du lærer om dei 11 ulike yrka du kan utdanne deg til innanfor helse og oppvekst. Det hjelper deg å velje kva du vil gå vidare med på Vg2. På FYD kan du velje Helsearbeidarfag i Vg2, men det er fleire moglegheiter på andre skolar i fylket.

Fag og timar

Du vil ha 17 skoletimar kvar veke med Helse- og oppvekstfag:

  • Helsefremjande arbeid (7 t). Om kroppen sin oppbygnad og funksjon, livsstil og helse, ernæring, hygiene, trening, og om å sjukdomsførebygging.
  • Kommunikasjon og samhandling (5 t). Om kommunikasjon, relasjonar, omsorg, sosial kompetanse og konflikthandtering.
  • Yrkesliv (5 t). Om korleis helse- og oppvekstsektoren er organisert, om lovgjeving og om å vere ein profesjonell yrkesutøvar.
  • Yrkesfagleg fordjuping. Du får komme ut i praksis i institusjonar, og du får prøve ut ulike yrke. Vi har to veker praksis på hausten og to veker på vinteren. Du får skriftlege og munnlege oppgåver på skolen knytt til praksis.

I tillegg vil du ha 12 skoletimar i veka med fellesfag: Engelsk (5 t), Matematikk (3 t), Naturfag (2 t) og Kroppsøving (2 t).

Alle fag bortsett frå Kroppsøving er avsluttande fag du kan få eksamen i.

Vg1 Helse- og oppvekstfag (HO) for minoritetsspråklege

Dette er eit tilbod for deg som treng ekstra hjelp i norsk – i ei eiga klasse. Fag, timar og praksis er som for dei andre elevane på Vg1 Helse- og oppvekst. I tillegg får du ein time i veka med Grunnleggande norsk

Undervisninga er tilrettelagt for minoritetsspråklege, og vi har miljøarbeidarar som hjelper deg med lekser og skolearbeid.

Vg2 Helsearbeidarfag (HEA)

Når du har bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag, kan du velje Vg2 Helsearbeidarfag. Da lærer du om grunnleggjande sjukepleie, praktisk pleie, miljøarbeid og førebyggjande arbeid. Du lærer å møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, med empati og omsorg. 

Med Helsearbeidarfag kan du bli lærling og ta fagbrev som helsefagarbeidar, eller ta Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse. 

Fag og timar

Du vil ha 17 skoletimar i veka med Helsearbeidarfag:

  • Helsefremjande arbeid (7 t). Om aldring, funksjonshemming, ernæring, hygiene, systema og symptoma i kroppen, psykiske lidingar og miljøarbeid.
  • Kommunikasjon og samhandling (5 t). Om relasjonar, kulturforskjellar, personvern og konfliktar.
  • Yrkesliv (5 t). Om yrkesetikk, brukarmedverknad, hjelpemiddel og tilrettelegging.
  • Yrkesfagleg fordjuping. Du får komme ut i praksis i institusjonar, og du får prøve ut ulike yrke for helsefagarbeidarar. Vi har tre veker praksis på hausten og tre veker på våren. Du får skriftlege og munnlege oppgåver på skolen knytt til praksis. Nokon av elevane våre får ta praksisen i utlandet. Vi har mellom anna vore i Sverige og Spania.

I tillegg vil du ha 9 skoletimar i veka med fellesfaga Norsk (4 t), Samfunnsfag (3 t) og Kroppsøving (2 t).

Alle fag i Vg2 er avsluttande fag.

Vegen vidare

Lærling og fagbrev

Når du har teke Vg2 Helsearbeidarfag kan du søkje om å bli lærling. Som lærling jobbar du i ein godkjend institusjon. Læretida er 2 år. Du får lønn av institusjonen, og når læretida er over kan du ta fagbrev som helsefagarbeidar.

I læretida kan du også vere russ med jamgamle.

Helsefagarbeidarar jobbar på sjukehus, sjukeheim, dagsenter, i bufellesskap, innan rusomsorga, i heimebaserte tenester og i psykisk helsevern. Det er stort behov for helsefagarbeidarar.

Bli lærling eller lærekandidat - Vestland fylkeskommune

Påbygging til generell studiekompetanse 

Du kan ta Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse her på FYD, eller på andre skolar. Då kan du studere vidare på høgskole eller universitet. Du kan også først gå i lære, ta fagbrev og så ta Vg3 Påbygging.