Ser du for deg ei framtid som sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.
Helse og oppvekst – studieførebuande er eit 3-årig utdanningsløp her på Fyllingsdalen videregående skole. Det skil seg frå Studiespesialisering ved at elevane tar programfaga i Helse og oppvekst i staden for språkfag, geografi og religion. Du skal derfor ikkje ha fremmedspråk som spansk, tysk eller fransk.
Her får du dei praksisretta programfaga i helsefag samtidig som du kan få den fordjupinga innan realfaga du trenger for å studera medisin og andre helse- og psykologifag. Målet er å legge til rette for viktig helsefagleg forståing du trenger i høgare utdanning. Det gir ein unik studiekompetanse. Du kan også velja andre programfag enn realfag og sikra deg generell studiekompetanse for å kunna studera andre ting enn akkurat medisin og helse etter vidaregåande skule.
Elevar på dette utdanningsprogrammet skal ikkje ut i praksis og læretid. Dei som har bestått kan gå direkte videre på spesialiserte studiar innanfor medisin eller helsefag på høgskolar og universitet.