Studiespesialisering med toppidrett er eit tilbod for deg som ønskjer å satse for fullt på idretten din og samstundes ta ei utdanning. Målet er å legge til rette for prestasjonar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Kvifor ta toppidrett på akkurat Fyllingsdalen (FYD):
- høgt kvalifiserte trenarar
- fullskala fotball-, handball- og friidrettsbane berre 50 meter frå skolen - ein treng ikkje kaste vekk tid på transport
- topp moderne skolelokale med eige styrketreningsrom på skolen
- toppidrettsfaga er inkludert i det ordinære undervisningstimetalet på 30 timer i veka i Vg2 og Vg3 - ein treng ikkje å ha 35 timer per veke som ved andre toppidrettsskoler
- ein kan velgje fordjuping frå både realfag og språk, samfunnsfag og økonomi kombinert med toppidrett
- skolen legg godt til rett for å kombinere idretten med skolearbeid slik at elevane sikrar seg generell og/eller spesiell studiekompetanse uansett korleis det går sportsleg for dei
- i januar (2024) reiste alle toppidrettselevane ved skolen gratis på 1 vekes treningstur til spanske Tenerife utanfor Afrika. Målet er at dette skal bli ein årleg toppidrettstur ved skolen
Fotball eller handball som programfag
Vi tilbyr studiespesialiserande over tre år med enten fotball eller handball som programfag.
Trening og undervisning
- Du vil ha 2-3 treningsøkter per veke leia av høgt kvalifiserte trenarar.
- Tidlegare FyllingenBergen-spelar Tore Andre Lunde og lærar Espen Tveit Mjelde underviser på toppidrett handball.
- Tidlegare Brann-spelar Roy Wassberg og lærar Espen Tveit Mjelde underviser på toppidrett fotball.
- Treningane og undervisninga i toppfotball/topphandball svarer til fem skuletimar i veka.
- Vi brukar skolens idrettsanlegg i treninga.
- Elles følger du vanleg undervisning i studiespesialisering.
Studiekompetanse
Ved endt skuleløp vil du som elev oppnå generell studiekompetanse med fordjuping i toppidrett. Det er også mogleg å velje realfag eller språk i tillegg slik at du får spesiell studiekompetanse.
Dersom du ikkje har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen kan du ikkje ta toppidrett VG3 og samstundes oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Vi tilrår at du kontaktar skulen for å høyra kva moglegheit du har til å oppnå studiekompetanse.
Søknad og opptak
For å koma inn på studiespesialisering (ST) med toppidrett må du gjera fylgjande to ting:
Nummer 1:
Søk på Fyllingsdalen Vgs som fyrsteval i Vigo innan 1. mars
Nummer 2:
For Toppidrett fotball: fyll ut dette skjemaet innan 1. mars
For Toppidrett handball: fyll ut dette skjemaet innan 1. mars
Kva skjer så vidare:
- I mars måned vil du få signaler fra skolen om du får plass på FYD toppidrett - basert på toppidrettsskjemaet du fylte ut. I tillegg til karakterar frå ungdomsskulen vil det bli gjort ei sportsleg vurdering. Minimumskravet for å få plass på toppidrett er at eleven har eit høgt lokalt nivå i sin aldersklasse.
- Når fylket er klart med førsteinntaket i Vigo 8. juli vil du få vita om du har fått plass på studiespesialiering på Fyllingsdalen vidaregåande skule (FYD)
- Deretter vil du omgåande få endeleg beskjed frå Fyllingsdalen vgs. om du kjem inn på programfaget toppidrett-fotball eller toppidrett-handball - som du då kan velja å takka ja til.
- Du takkar så ja til skuleplassen i Vigo innen fristen 15. juli