Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Arbeidstrening (HTA)
Spesialundervisning med opplæring i lita gruppe. Dette er for elevar som kan ha som mål å kunne meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift.
Les meir om undervisninga vi har, måla for opplæringa og korleis du søker.
Kvardagslivstrening (HTH)
Spesialundervisning med opplæring i lita gruppe. Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov og med rett til omfattande spesialundervisning.
Målgruppa er elevar som har behov for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Opplæringa skal mellom anna kvalifisere for eit meir sjølvstendig liv.
Ein kan søkje om inntak til utdanningsprogramma Studiespesialisering eller Musikk, dans og drama.